lørdag 30. juni 2012

Surfing Costa Rica

Pavones er bygd opp omkring ein ting, og det er surf. Sidan eg er på tur med tre ihuga surfarar, blir det derfor ein del surfing! No kjem det visstnok eit superbra svell inn dei nermaste dagane, så veldig kjekt for dei å vere nettopp her når det kjem.
Her er nokre bilder av tre fine folk ein fin dag på ein fin surfespot:







onsdag 27. juni 2012

In the jungle

Ei veke sidan vi drog frå Norge! No trur eg vi kan sei at vi har "komt skikkelig inn i det". I går slo vi ut håret og var oppe heilt til kl 21:30, og vi klarte å sove heilt til kl 06 i dag! Fantastisk! :-)

I dag var vi på ekspedisjon. I ein ekte jungel. Vi har leigd kvar vår ATV, som er eit perfekt framkomstmiddel her. Vi var egentlig på veg til ei ny strand som vi ikkje hadde vore på før, så vi køyrte feil og måtte snu. På veg tilbake til rett veg oppdaga vi (les: Zano, Ørjan og Ingeborg) ein ny og ukjent surfespot rett ved sidan av oss. For dei som har levd tett på surfarar, er dei då ustoppelege, så reisa fekk brått eit nytt mål. Sidan vi bevega oss på ukjent terreng, tok vi berre første og "det ser ut som om dette er rett retning"-veg. Det førte oss bokstaveleg talt ut i jungelen,- tett skog, gjørmete veg og vi fekk følelsen av at her kan all slags dyr bu! Vi traff heldigvis berre på ei uskyldig ku....
Uansett: det som til slutt åpenbarte seg på vegs ende, var ei nydeleg strand og -som vi etterkvart fekk vite av ei dame frå Hawaii- ein secret surfespot. Til og med eg som ikkje surfar forstod at dette var gode greier. Kjempekjekt å sitte å sjå på Zano og co, og alle dei andre flinke surfarane! Zano og co var sjølvsagt lykkelege etterpå. Veldig kjekt å gjere slike oppdagingar utan å vere på leit etter dei. Barna koste seg også, og lagde bl.a. krepseakvarium i tomme flasker, dei fant fine skjell og fekk også prøve å surfe litt.

Ellers har vi andre store valg vi står ovanfor for tida; kor lenge skal vi vere i Pavones? Vi har ein heil "resort" for oss sjølve, maten er god (sjølv om vi etterkvart begynner å bli litt lei all-inclusive-dealen) og barna er lykkelege over bassengfasilitetane og dei to minuttane det tar å gå til stranda (www.laponderosapavones.com). På den andre sida er det ikkje så mykje anna her, bortsett frå surf. Vi får sjå...det er så masse vi vil sjå når vi er her, og det er mykje lettare å reise rundt med jentene no enn det var for tre år sidan. Vi skal iallefall ta ein dagstur over til Cabo Matapalo ein av dei første dagane. Og så lurer vi på å dra til Dominical etterkvart og så til Santa Teresa. Det er fint å vere på tur! :-)





To gode vennar!
"Iiiiik! Bølgene kjem!"
To søte apekattar!
Vi arrangerte krepse-kappløp på stranda. Alle hadde kvar
 sin kreps som dei sjølvsagt satsa alt på! :-)
Klar for tur på ATV!
Pavones, here we come! 

På veg til stranda. 
"Sjå! Rumpetroll!" 
Strandleik.
Heile gjengen på tur ein morgon vi venta på
 frukostservering. Dagen startar tidlig i CR...! :-) 



Våre omgivelsar for tida.
Jungelen veks heilt ned til strendene. Det er utruleg flott!

søndag 24. juni 2012

Vår nye døgnrytme

No har vi vore her i 3 dagar, og begynner så smått å finne ein slags rytme. Vi har iallefall blitt skikkelege A-mennester så langt! Vi legg oss i 20-tida (sovnar umiddelbart!), og i dag vakna eg - heilt utkvilt - kl 04. Ikkje så verst å få 8 timar søvn, tenkte eg, og låg videre mens eg høyrte på dei andre sine jevne, rolege sovepust. Har vel ikkje hatt 8 timars-netter sidan før jentene blei født, faktisk! Eg måtte på den andre sida av jorda for å få det! Hehehehe...

I går sykla eg og Ørjan rundt for å sjekke andre plassar å bu. Ikkje fordi vi ikkje er fornøgd, men fordi La Ponderosa kostar skjorta. Etter å ha sykla rundt i to timar konkluderte vi med følgande:
1) At det var ingen god ide å sykle i 30 grader...
2) At Pavones har utrulig mange overnattingsmuligheter for avdanka hippiar og andre som ikkje er så opptatt av at vi lever i 2012 og ikkje i 1992, air con, rein seng og"det lille ekstra"
3) At vi var heldige med nettbestillingen av La Ponderosa som vi - heilt tilfeldig - oppdaga heime i stova på Våland.

La Ponderosa er i ein heilt annan liga, og vi har vel landa på at vi er villige til å betale det det kostar. Vi bur på stranda, bassenget er nydeleg (i går var barna meir i bassenget enn på land!) og maten er fantastisk og "rein". Det er imidlertid eit lite stykke til surfespotten og til butikken, og det er ingen andre gjester her. Vi får ta eit familieråd på det i dag! :-)

Den første morningen på stranda.
Den første morningen på stranda.
Bassenget til La Ponderosa. Stranda ligg rett nedanfor. 
Morgontur på stranda.
Ein liten Leona-fot i kveldssanden... 

Kveldstur på stranda. 



fredag 22. juni 2012

30 timar...

...var tida det tok frå vi forlot huset vårt på Våland til vi kom fram til vår destinasjon Pavones, Costa Rica! Phu! I dag, dagen etter vi kom fram, klarer eg nesten ikkje hugse korleis det var (er framleis susen og ør etter å ha snudd døgnet og vore lenge på reise...), men alt i alt gjekk det utrulig fint!
Etappane var som følger:
1) Møtte vårt familiereisefølge Ørjan, Ingeborg, Sofie og Markus på Sola, og første tur gjekk  til Frankfurt. Alle glade og oppspilte.
2) Neste etappe: Frankfurt - Santo Domingo. Laaaaang tur. Alva fekk kontinuerlige raserianfall fordi ho ikkje klarte å finne ei god liggestilling. Den som hadde hatt råd til å fly business class....
3) Neste etappe: Santo Domingo - San Jose. Hugsar ikkje heilt korleis denne turen var faktisk... kun eit par timar, og ingen av oss sov. Hadde på dette tidspunktet mista oversikten over om kroppen trudde det var dag eller natt...! :-)
4) Neste etappe: Vente 6 timar i San Jose før Nature Air skulle fly oss til final destination Pavones. Fekk oss ein fantastisk frukost på flyplassen (Flymaten til Condor var grusom!), før vi drog til den lokale flyplassen - som var kun eit stort rom.... Heldigvis var det ein slags park utanfor, så vi fekk slappa av her og såg på alle dei små flya som letta og landa mens vi var spente på kor lite vårt fly kom til å vere...!
5) Neste etappe: San Jose - Pavones. For ein opplevelse! Flyet var lite og med vindauge tett i tett på begge sider. Det ga oss ein heilt unik naturopplevelse! Vi kom så tett på byen, fjella, havet og landet, samtidig som eg var litt engsteleg for om dette kom til å gå bra. Det skjerpa alle sansane!
6) Neste og siste etappe: Biltur frå Golfito til Pavones (1,5 time). Ordet "veg" og "bru" har fått ein utvida betydning etter den turen. Øvrige kommentarar overflødige!

Eg er så stolt og glad over at det gjekk så fint å reise med Alva go Leona. Dei har vore eit flott reisefølge! Det var faktisk den siste bilturen på 1,5 time vi opplevde for den lengste etappen av alle. Vi var overlykkelige når vi endeleg såg skiltet til La Panderosa, kor vi bur, gruppe-high-five'a med jentene før vi gjekk rett ned for å sjekke ut bassenget. Vi kollapsa kl 19 lokal tid (det er 8 timars tidsforskjell) og begynte dagen i dag kl 05.

Det er utrulig fint å vere framme og utrulig fint å vere her. No mens eg sit her og skriv ved bassenget har eg bølgesus i bakgrunnen og det er ca 25 grader. Har brukt dagen på å kikke litt rundt, bade, gjere ingenting og så har Zano surfa - endeleg fekk han surfe drømmebølgen sin! Han kom opp med eit smil, så han er godt fornøgd og i skrivande stund er han på veg til surfeøkt nr 2.

Då vi vakna i dag i 05-tida gjekk vi rett ned på stranda for å sjekke den ut. Det var magisk. Sola var på veg opp og jentene var oppspilte og lykkelige. Vi fant ein kjempemange kokosnøtter som låg i strandkanten, så jentene gjekk straks i gang med å rydde! På slike strender kan småjenter vere opptatt i timesvis! Snodig at ikkje samme ryddeevne viser seg i heimen...!

Alva, Markus, Sofie go Leona i full DS-konsentrasjon på
mellomlanding i Santo Domingo,
Den Dominikanske Republikk.
Pavones, kor vi bur. På veg til stranda den første dagen. 
Alva og Leona på flyplassen i San Jose.
Sofie, Alva og Markus ventar på frukost!
Ventetid på ein liten lokal innanlandsflyplass i San Jose. 
Vi gjer alt for å få tida til å gå når vi har 6 timar å vente på neste fly!
Då er mangoplukking ein fin ting å holde på med! 
Første morning på strand. Magisk. 

mandag 18. juni 2012

Testing, testing

Pakking, pakking og pakking! Masse ein må hugse på når ein skal ut på tur, og det blir ikkje betre av å krydre kvardagen med hektisk jobb og vasking/rydding av hus slik at leigetakaren skal overta ein ok heim...! Phu! I kveld måtte vi også finne ut om vi treng ta med PC eller ei! Vi vil gjerne legge ut bilder på bloggen undervegs på turen, men eg var usikker på korleis det er å laste opp bilder direkte frå kamera og over på pc. Då måtte vi teste, og det vakre motivet blei oss - to stressa og slitne (men dog glade!) foreldre som snart skal ut i verda med sine aller beste reisekameratar! :-) 

På tide med legging! To dagar att til avreise! 

søndag 3. juni 2012

Turorganisering

Dagane flyr, og vi har så smått begynt å handle inn frå apotek (sikkert to kg i doktorting...), alle er vaksinerte, eg har kjøpt inn nye bøker til jentene, sommarklede til meg er innkjøpt (o' lykke!) og vi har tatt kopi av div viktig informasjon som er greit å ha dersom vi skulle bli robba. Det er jammen masse å tenke på før avreise,- innimellom all kvardagsorganisering og jobb. Det skal bli godt å sette seg på flyet,- då får det berre gå som det går! :-)

To reiseglade jenter,- her i hovudstaden i 17.-helga. Likar spesielt godt den verdensvante mina til Leona! :-) Vi snakkar masse om Costa Rica for tida. Trur dei gledar seg veldig til turen. Og det gjer vi også! :-)