mandag 28. mai 2012

Endeleg reiseblogg!

Mi superflinke lillesøster med familie har vore på besøk hos oss i helga, og då benytta eg anledningen til å få datakyndig hjelp til å opprette en blogg. Ikkje fordi eg har sterke ønsker om eigen husmorblogg, men fordi vi snart legg ut på langtur til Costa Rica og då veit eg om fleire som vil vere nysgjerrige på korleis det går med oss, kva vi gjer på og kva vi opplever. Eg synes jo også det er veldig kjekt å fortelle heim om vår kvardag på hi sida av jorda, så då tenkte eg at ein blogg dekker desse behova! :-)

I dag: 23 dagar att til avreise. Då kan eg tikke av på at iallefall bloggen er oppretta og herved offisielt åpna! :-) For den rette stemingen legg eg inn nokre skikkelege sommarbilder eg tok denne fantastiske pinsehelga!

Vannmelon = sommar. Sommar = vannmelon.
Sjå den søte dråpen som renn nedover magen til Alva! :-)

Leona og tante Trude i hagen... To gode vennar!

Tre herlege jenter som kosar seg ilag! :-)

Alva, Amund, Leona og midtpunktet Sunniva! :-) 

2 kommentarer:

  1. Fine bilder, og takk for ei strålande helg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var kjempekoselig! Og så deilig å sjå alle i lette sommarklede! :-)

      Slett