onsdag 1. august 2018

Bye Bye Bali - you were really great!

Siste dagen på Bali!! Vi har så vidt begynt pakkingen, Zano er ute og får seg ein siste surf, eg jobber iherdig med brunfargen og jentene har nettopp sett om dei har funne nokre barn som dei kan gi kle / ting til som ikkje under nåken omstendigheter skal bli med oss heim att... note to self: Ikkje pakk med kvite t-skjorter osv, for dei forblir IKKJE kvite etter å ha blitt levert inn til div vaskeri...!

Vi endte altså opp med å bli to veker her i Uluwatu-området, og heile perioden har vi tilbrakt saman med Alex, William, Liam og Chloe fra Hongkong. Hongkong. Eg veit veldig lite om Hongkong og korleis eit liv fortoner seg der, så eg har spurt og gravd og kjenner at eg er veldig nysgjerrig på å besøke dei! Vi har fått nye venner for livet, og det er utrulig fint å oppleve. Eg veit at vi kjem til å møte dei igjen....

I går feira vi Leona sin 10-årsdag! Det blei ein nydelig dag! Først fekk ho ri i to timar, bl.a. på stranda, og seinare spiste vi middag og kake på hennes favorittrestaurant The Alchemist. Vi hadde bestilt kake på forhånd, og då vi kom dit hadde dei laga til langbord til 8 personar og hengt opp masse ballongar og gjort det skikkelig fint! :-) Det viste seg at det (dessverre) var live musikk her denne kvelden, men då dei kom ut med kaka med tente lys sang bandet bursdagssangen til henne - så ikkje så gale at det ikkje er godt for noko!

Føler vi har levt litt farlig den siste tida... Ein dag i sist veke våkna vi av jordskjelv, og det viste seg at det målte 6,4 på richters skala. 14 døde, men det var på naboøya Lombok. Dagen etter utbraut det ein brann ca 15 min frå der vi bur. Vi satt og spiste lunsj og såg den eine brannbilen etter den andre komme susande forbi, og svart røyk steig til himmels. Etter ei lita stund såg vi dei samme brannbilane komme tilbake, og det viser seg at dei ikkje kan kople seg på vannet der brannen er, men dei må køyre tilbake og hente vann fra et vannlager! Enormt ueffektivt, og vi var sikker på at dette ikkje kom til å gå bra i det heile tatt (skjedde ca samtidig med brannen i Athen). Heldigvis viste det seg at ein ikkje skal undervurdere brannvesenet på Bali, for det endte med at kun 10 bungalows og litt av eit hotell blei skada. Heilt utrulig, spør du meg.... Så; i løpet av perioden har vi altså opplevd:
- vulkanutbrudd opptil fleire gangar
- jordskjelv to gangar
- stor brann rett ved der vi budde

... kanskje det er på tide å dra heim?? :-)

Vi har kost oss veldig på denne turen! Vi har hatt skikkelig godt av den. Eg har hatt godt av den. Føler eg kjem heim med ein annan energi enn eg hadde då vi drog. Eg hugsar eg var veldig spent på korleis turen ville bli, om noko ville skje med jentene, kor sjuke vi kom til å bli av maten, håpte at vi ikkje blei robba osv. Men Leona har kun kasta opp ein morgon, og det har vore det heile. Kortet mitt blei angivelig hacka sånn ca midt i turen, men banken oppdaga det før pengar gjekk ut og fekk sperra kortet. Vi har ikkje mista noko eller fått anna enn skrubbsår. Så; vi har fått opplevd så masse og har så mange gode minner å ta med oss. Jentene har utvikla seg sånn i engelsk og fått nye vennskap. Dei har fått sett kor fattige mange er, kor stort problem søppel er og kor heldige vi er som bur i Norge. Dei har lært seg at vi skal vere høflige med alle og at det er viktig å vere åpen. Leona har allerede bestemt at ho og venninna Sol skal reise til Bali når ho er 18 - skulle ikkje forundre meg om det kjem til å skje, så målbevist som ho er. Men då smiler eg inni meg, for då tenker eg at vi har oppnådd litt av det vi ønsker. Vi vil gi dei reiseglede, og vi vil at dei skal sjå at dersom det er noko du vil så kan du få det til.

Zano; We did it!!!!









fredag 27. juli 2018

Uluwatu life

Nok ei veke har berre forsvunne mellom fingrane våre; trur tida faktisk går enda fortare på desse breddegradene enn heime i Norge....! :-) No har vi kun FEM dagar igjen av turen vår - kan nesten ikkje tru at vi har vore på tur i nesten to månader. Sjølv om det skal bli godt å komme heim til huset vårt og veldig kjekt å sjå att alle folka våre heime, så veit eg at eg kjem til å sakne dette livet. Det er berre så totat annerledes enn kvardagen. Vi har allerede diskutert kor neste tur skal gå - først blir det Tel Aviv og så blir det kanskje Vietnam?? Eller Costa Rica igjen....

Vi kom til Bingin og Jepun Sari sist fredag. Vi sa ha det til Zybelin og David på Klumpu (superkoselig å sjå att plassen!!!), og i det vi sjekka inn på Jepun Sari traff vi att ein familie som vi snakka litt med heilt i starten av turen vår - som også skulle bu på Jepun Sari! Kva er oddsen for det?? Dei er fra Hongkong, har to barn og er heilt våre folk (= knallkoselige og avslappa!). Så vi har hengt saman med dei sidan då, og det er så kjekt! Vi har vore på tur til Padang Padang, til Nusa Dua, til Seminyak og ellers til strendene rundt her. William surfer også, så Zano synes det er kjekt å ha ein å surfe sammen med. Begge familiane måtte sjekke ut frå Jepun Sari samtidig sidan det var fullt der, og då fant vi oss ein ny plass rett opp i bakken her kor vi no er naboar videre.

Trur vi kjem til å bu her i Bingin- / Uluwatu-området dei siste dagane. Eg var litt gira på å sjekke inn på eit skikkelig fint hotell i Seminyak eller noko sånt dei siste dagane, men etter å ha hatt ein ny shoppingtur inn der med heile familien kjenner eg at det er heilt uaktuelt. Eg er uansett ferdigshoppa, og Kuta/Seminyak tar berre all energi frå meg etter eitt par timar! Altfor pågåande selgarar, altfor mange turistar som berre er der for sola og av typen "la oss gå på Hard Rock Cafe!!", og veldig lite autentisk Bali. Då er det koseligare å vere her, og diskusjonen går no på om vi skal finne ein ny plass eller berre bu der vi bur. Den siste veka har vi ikkje budd i nærheten så fint som vi har budd dei andre vekene, men det er billig og reint, og det at det er gode puter og rein dyne er faktisk noko av det viktigaste. Vi er nesten ikkje på rommet uansett, så kanskje vi ikkje treng så masse luksus. Og ved å gå litt ned på standarden her dei siste dagane betyr det at eg kan oppgradere garderoben når vi kjem heim med skikkelig god samvittighet!! :-)

Det var så kjekt å komme tilbake til dette området! Vi budde i Balangan-området i vår andre veke på Bali, og alt ligg så nært her så vi har igjen vore på mange av plassane vi var på då. Virker som at vi var her i går - kanskje vi må prøve oss på ein enda lenger tur neste gang? To månader har vist seg å gå utrulig fort. No er vi skikkelig kjent her, og fartar rundt på scooterane våre i kjente omgivelsar. Små og lite trafikerte vegar, så ikkje noko stress. Har mange gode minner av oss på scooter,- som regel Alva bak oss på eigen scooter (ho er knallflink!), og vi andre tre på ein annan. Koselig!

No skal eg ta med jentene ned til Jepun Sari for at dei skal få helse på Sammy igjen; ein hund som dei la sin elsk på då vi budde der! Dagens einaste agendapunkt så langt! :-)






torsdag 19. juli 2018

Ubud og vulkan og sånt...

Travelt på ferie - får jo ikkje "skreve heim" om kva vi driv med ein gang...! :-)

Nok ei veke har gått, og vi har sidan sist forflytta oss frå øya Nusa Lembongan i sør til Ubud midt på øya og så til Candidasa i sørøst.

Ubud først; både eg og Zybelin var i Ubud for 20 år sidan, og hugsa det som ein pitteliten flott by som hadde alt å tilby innan handarbeid, flott kunst og gamle bygningar. Ein kulturhovudstad på Bali. Vi rigga oss til på Wadari retreat (eit flott og nytt hotell rett utanfor Ubud - men som har litt å gå på ifht maten...), og tenkte at vi berre skulle ta oss ein liten kveldstur til Ubud for å orientere oss litt. Vi tok taxi dit, blei satt av midt i sentrum og tenkte "OH MY GOD! Masse kan skje på 20 år!!" Eg hugsar ingenting slik det var no. Og det var folk overalt. Kø kor du ein snudde deg. Vi berre sendte kvarandre sjokkerte blikk mens vi trava forvirra nedover gatene, og datt inn på ein vegetarrestaurant til slutt - som hadde ein meny som ei komplisert bok og ingen klarte å hverken forstå hva som stod eller å samle tankane til faktisk å bestille mat. Sjokkerande. Tydelig at alle som besøker Bali skal innom Ubud! Det blei ein tidlig kveld, og alle var enige om at det var godt å komme tilbake til hotellet! :-) Dagen etter tok vi ein roligare tilnerming til agendaen, og gikk på tracking i fjellene. Veldig flott! Vi hadde på forhånd høyrt at i Ubud hadde dei eit slags system for søppelhandtering, sidan mange som bur her er meir opptatt av miljøet, økologisk matbruk osv. Då vi gjekk tur såg vi imidlertid at det systemet dei har ikkje er så mykje bedre enn ellers på Bali, for langs elvene såg det ut som søppelfyllinger - vegetasjonen er imidlertid mykje kraftigare og grønnare så du ser det ikkje ved første augekast....! Då vi var på denne turen gjekk vi også gjennom nokre landsbyar. Zano såg eit veldig anonymt skilt kor det stod at ein var velkommen inn til å sjå korleis dei lokale levde. Vi tenkte at det kunne vi jo kanskje gjere, og kom inn til ein koselig restaurant kor vi spiste noko av det beste vi har spist på turen!! Utrulig kjekk oppdaging! Vi fekk etterkvart vite at denne restauranten ligger på 1. plass på Tripadvisor (av 800 andre restaurantar i Ubud). Flaks at vi havna der!

Andre ting vi gjorde i Ubud var ATV-køyring med jentene, og så kjøpte eg ei ny lampe!! :-) Nydelig handlaga i bambus som skal vere i taket over trappa,- ser ut som eit stort skjell. Den skal skipast til Norge, og forventa ankomst er om 40 dagar! Får mail kvar gang den kjem til ei ny havn, så eg er veldig spent på reiseruta! :-)

For to dagar sidan kom vi til Candidasa. Vi reiser framleis med Zybelin og David, som kom hit ein dag før oss. Bur på ein veldig fin plass som heiter Sea Breeze rett ved sjøen,- deilig å ha strand og hav så tilgjengelig etter nokre dagar i innlandet. Candidasa ligg ikkje så langt fra den aktive vulkanen Agung... var litt usikker på om vi skulle tørre å reise hit, men satsar på at det går fint. Ein av morningane i Ubud våkna eg av at Zybelin kom inn til oss og lurte på om vi hadde kjent jordskjelvet! Zano og jentene hadde kjent det, men eg sov, men angivelig var det et kort jordskjelv som hadde med vulkanen å gjere. Skumle greier. Satsar på at det ikkje skjer noko mens vi er her!

I går var vi på ein fantastisk rundtur her i Candidasa-området. Starta med at vi fekk sjå masse lotusblomstrar i ein liten innsjø, så drog vi videre til ein apeskog kor vi fekk mate apene (skummelt og spennande samtidig!), så drog vi videre til eit tempel som er svært hellig for hinduane kor jentene fekk vere med på ein seremoni (kor dei drakk holy water som eg lurte på om var ok for deira norske magar!!). Turen gjekk så videre til eit anna tempel kor vi hadde lunsj og kor kongen i si tid pleide å komme for å ta seg eit bad! Så drog vi innom ein honning- og te/kaffefabrikk og til slutt fekk vi sjå ein landsby kor folk bur og lever slik dei gjorde for fleire hundre år sidan. Kanskje vi hadde for høge forventningar eller kanskje var vi litt trøtte; ingen av oss såg egentlig at dei levde noko annerledes enn andre her på Bali - bortsett fra at dei vevde på sarongar! :-) Men alt i alt ein veldig spennande dag! Vi blei igjen slått av kor fattig mange lever her,- spesielt inn i jungelen og inn i landet. I tillegg såg vi igjen kor stort problemet er med søppel her. Vi som turistar burde egentlig boikotta Bali og sagt at vi ikkje kjem hit før dei får på plass ein måte å handtere søppelet på...

I morgon reiser vi igjen! Zybelin og David skal til Sanur og blir på Klumpu dei to siste nettene før dei reiser tilbake til Norge. Vi reiser ned til Uluwatu, og tanken er å vere her den siste tida. Då er planane at eg skal jobbe med brunfargen (dei dagane er har planlagt å sole meg har alt berre kokt vekk i kålen, og eg drømte faktisk at eg kom heim og var bleikare enn alle som hadde vore i Norge i sommar....!), Zano skal surfe, jentene vil ha ein dag med shopping i Kuta, feiring av Leona sin 10-årsdag som ho ønsker å gjere på hesteryggen og på ein kafe som ho har lagt sin elsk på og ellers er vi åpne! :-)   
















onsdag 11. juli 2018

Nusa Lembongan

Tida fyk - har jo ikkje tid til å skrive reiseblogg ein gang!!

Sist fredag reiste vi frå nord og Dewantara og ned til sør (Sanur) for å ta båten over til øya Nusa Lembongan. Vår koselige vert utstyrte oss alle med fruktposar og vann, så følte han tok ei skikkelig fin bestefarrolle overfor oss! Zybelin og David drog ein veg, Ilay og Even drog ein annan veg og vi drog ein tredje veg. Flott tur på kryss av heile øya; køyrte forbi vulkanar og innsjøar og gjennom små landsbygder og rismarker. Turen tok berre 3 timar, så øya er ikkje så stor!

Då vi kom til Sanur og skulle ta båten over til øya, blei gleden stor hos jentene då dei oppdaga at det gjekk an å få kjøpe seg gigantiske badeleiker på kaia! Dei kom fornøgde tilbake med kvar sin einhjørning og svane - som stakkars Zano har blåst opp for dei...! :-)

Båtturen over til øya begynte jo veldig bra. I det vi skulle komme oss ut av kaiområdet braste båten inn i steinkanten - og ingen av mannskapet gjekk ut for å sjekke om det hadde gått greit med båten. På grunn av denne hendelsen tenkte eg at eg berre ville sjekke kor redningavestane låg, så eg åpna skapet kor dette stod skilta. Der var det jo tomt, og då eg spurte ein av mannskapet kor dei låg, peika han berre bakerst i båten kor det låg ein gjennsnøra søppelsekk med redningsvestar... kjempebetryggande! Båtturen tok heldigvis berre 30 minutt, og det var akkurat nok!! Vi har vurdert å reise over til Gili Meno, men etter at eg fekk vite at det er ein båttur på 2,5 time er dette no heilt uaktuelt!!

Vi kom altså vel i havn på denne lille øya til slutt. Følte at vi kom til ei karibisk øy i det vi la til kai - fekk umiddelbart ein følelse av at her går ting i sakte tempo, laidback stemning og hyggelig atmosfære. Det er ingen bilar her - kun små pick up'ar som fraktar turistar rundt på øya og ein haug med scootarar. Vi blei henta av ein slik liten pick up, og frakta til huset vi no bur i. Dette er ein kjempekoselig plass midt i det lokale området, så her blir vi vekt av sikkert 50 høner som kakler kvar morgon! Vi har eit eige basseng og to soverom og utestue og kjøkken, så no har vi faktisk laga oss eigne frukostar også! Ellers god standard, reint og fint og koselig.

Etter ein dag her på øya ga Zybelin beskjed om at dei sakna oss sånn så dei hadde også lyst å komme hit! Kjempekoselig!! Så dei kom på søndagen og vi er her ilag fram til lørdag. Så kjekt å vere med storfamilien!! Vi har brukt dagane til å bli godt kjent med både denne øya og naboøya Nusa Ceningan. Vi har leigd scooterer, så heile gjengen har skjelvande køyrt rundt her og kryssa fingrane for at det skal gå bra...! Eg har jo aldri køyrt scooter før, og er slett ikkje sikker på om eg kjem til å handle rett i ein krevande situasjon kor eg må reagere raskt (er redd for å ta gass i staden for brems osv...), men foreløpig har det gått fint. Zano og jentene kaller meg faktisk for Sneglemor,- ein betegnelse dei meiner er passande for køyrestilen min! :-)

Ellers har vi vore på snorkletur, kor Zano og jentene såg både mantra og skilpadder. Mantraen var så kul; den flaug liksom i vatnet og svømte mot Zano og jentene. I går var Zano, David og jentene ute på bananbåttur, og David kom tilbake og uttrykte at "you have a crazy family!!" Då hadde jentene dansa på båten, ikkje holdt seg med hendene og ropt og skreke. Jentene er over gjennomsnittet glad i fart og spenning - noko dei iallefall ikkje har arva frå meg...! I morgon er planen at Zano og Alva og David skal ta eit dykk. Alva er supergira og gleder seg - veldig kjekt at ho har interesse og talent for det.

I går var det 9 år sidan eg og Zano gifta oss! Zybelin tilbydte seg å vere barnevakt for jentene slik at eg og Zano kunne gå ut og spise ilag, men vi hadde så lyst å ha med oss alle, så vi gjekk på ein tacoplass som jentene fekk bestemme. Ikkje så romantisk, men veldig koselig - sjølv om porsjonane var mikroskopiske for våre magar...!

VI blir her på øya fram til lørdag. Då reiser vi til Bali igjen og opp til Ubud. Det er ein flott, liten by i innlandet, så det blir nokre dagar som sikkert blir litt annerledes enn dagane vi fram til no har hatt ved kysten. Gleder oss til det!!







  

onsdag 4. juli 2018

Vann, vann, vann!

Hjelp! No har vi vore på tur i ein måned, og det virker egentlig som at vi kom til Bali for eitt par dagar sidan!! No har vi jo "berre" fire veker att...! Veit av erfaring at dei siste vekene berre raser avgårde, for då begynner vi å få litt dårlig tid til alt vi har lyst å gjere! Så her må det berre nytast, med andre ord! :-)

Og her nytes det!! No har vi hatt fem fantastiske dagar her på Dewantara Butique Villas oppe i nord ca 30 min frå Lovina! Zybelin, David, Ilay og Even har også komt hit, og vi koser oss sammen med storfamilien! Jentene er sååå glad for å litt variasjon i selskapet sitt, og har lyst at vi skal reise sammen med dei heile deira periode! Ikkje så viktig at Zybelin og David er på ei slags bryllupsreise og ønsker litt aleinetid! :-)

Verten vår, Waian, er berre heilt fantastisk. Vi er dei einaste gjestene hans, og han veit ikkje kva godt han kan gjere for oss. Han har ingen meny, men lager det vi har lyst på. Han elsker å lage mat ("cooking is deep in my heart"), så alt er laga med kjærleik og baktanke. Vi fortalte han at Leona er så glad i å bake, og plutselig var ho invitert med på kjøkkenet hans for å lære seg å lage sataykylling, og kvar morgon lager han pannekaker til henne med ulik frukttypar i. Han har kvitløk, chili og lime i nesten alle rettar, så han er heilt i vår gate!! :-) Ellers er han veldig hjelpsom med alt vi trenger, ringer og booker sjåfør og aktivitetar for oss, så det blir ein stor overgang å klare oss på eiga hand når vi reiser i morgon!

Vi har gjort mange vannaktiviteter her desse dagane! Første dagen drog heile gjengen på snorkling. Då tok vi båten langt ut i havet og såg dei mest utrulege fiskane. I det vi tok på maskene og dukka under åpna det seg ein heilt annan verden - aktivitetsnivået var enormt! Vi såg til og med to nemofiskar som budde i ein anemone (akurrat slik som på filmen!! Hehehehe...). I går tok Alva, Zybelin og David eit grunnkurs i dykking - noko som betyr at dei har lov til å gjere dykk med instruktør! Eg er så imponert! Alva hadde visst fulle roen, og var som ein fisk. Kanskje det er dykking som blir hennas lidenskap...? Mens dei holdt på med dette, gjorde eg og Leona litt meir landkrappeaktivitetar; les: shopping i Lovina! Det var ein koselig liten by. Sist gang eg har her (for 20 år sidan) var det ingenting, så det har vore ein enorm utvikling. Samtidig var det svært få turistar, og selgarane virka desperate for å gjere salg, så veit ikkje om besøkstallene hit lar vente på seg eller om det berre er vulkanen som er grunnen til at det er få turistar her. I dag stod vi opp kl 05:45 for å reise ut på sjøen for å sjå delfinar! Vi reiste ut i det sola stod opp,- magisk!! Dessverre såg vi ingen delfinar, og sjøen spruta inn over oss i den lille fiskebåten slik at vi blei kalde og våte, så etter ein time snudde vi berre heim att med uforgjort sak. Jaja... - soloppgangen var flott, då! :-)

I morgon reiser vi sørover igjen. Zybelin og David skal eitt par dagar i bushen i innlandet, guttane skal til Canguu som er ein meir ungdommelig surfespot og vi reiser til Nusa Lembongan; ei lita øy rett øst for Sanur. Har nettopp booka ein koselig villa rett ved strand og byliv, så håper bildene lever opp til forventningane! Her kan Zano surfe igjen, og plassen er i tillegg kjent for flott snorkling og dykking. Dersom vi likar oss her, ønsker vi å vere her ei stund. Dei siste to vekene har vi flytta oss ein del rundt, men vi liker også veldig godt å finne roen på ein stad. Planen er å møte dei andre litt seinare; kanskje på denne øya dersom den er fin.

Så oppsummert; Vi har det veldig fint, begynner å bli redd for at dei siste vekene berre forsvinner mellom hendene våre, brunfargen begynner å komme snikande, magane tåler framleis maten, vi har møtt så utrulig mange søte og hyggelige balinesere og så er vi veldig spent på øya vi reiser til i morgon! :-)     



















torsdag 28. juni 2018

..... og DER!

.... har roen virkelig begynt å komme på plass!

No har vi vore på tur i tre veker, og roen har senka seg på ein annan måte enn tidlegare. Dagane forsvinner mellom hendene våre sjølv om vi ikkje fyller tida med så masse anna enn å spise (!!), bade i basseng eller i sjø, gå turar om kveldane, bli kjent med nye plassar eller slappe av med lesestoff / nett. No sit eg ved bassengkanten i sarong og flip flops mens vinden ruskar meg i håret og bølgene bryter i det fjerne. Zano har nettopp hatt seg ein god surf (bølgen minna om hans favorittbølge i Pavones i Costa Rica!), og Leona ligg ved sidan av meg. Livet er med andre ord ganske så bra!

No har vi flytta oss til ein plass som heiter Medewi, som er ca 45 min frå Balian. Her bur vi heilt fantastisk - vi har hus PÅ stranda, alt er nyoppussa og friskt og reint og koselig og moderne (Umadewi Surf and suites), og jentene har blitt kjent med nåken australske jenter som også bur her. Det syntes dei var spennandre og kjekt, etter å kun ha vore ilag dei to dei siste tre vekene...! Igjen er vi tilbake på eit rom alle fire, men det er egentlig veldig koselig! :-)

Som sagt kom vi frå Balian i går. Balian endte vi faktisk opp med å bli veldig glad i. Huset var fantastisk, og vi oppdaga ein liten og veldig lite fancy restaurant som laga den beste maten vi har smakt på heile turen. Grilla blekksprut, tunfisk og reker med sitrongress, pork i balinesisk krydder servert i et bambusrør..... for å nevne noko på menyen. Alt var godt, og ein merka at kokken var glad i å lage mat. Ellers var dette ein plass kor folk var ei god stund, slik at vi kom på hels og snakka med fleire etterkvart. For eksempel var det ei stor gruppe med yogaentusiastar som skulle vere der i tre veker! Veit ikkje om eg hadde hatt roen til det, men interessant at mange klarer det - det var kun ein butikk der og 7-8 restaurantar, så ikkje så mange impulsar utanfrå! Sjølv tok eg ein yogatime der, og det var kjempebra - på stranda og med bølgene i bakgrunnen... ellers unna eg meg både pedicure og fotmassasje, og har aldri hatt så fine bein før! :-)

Ellers hadde vi oss ein dagstur i området, kor vi hadde ein sjåfør som køyrte oss til ein foss, til eit tempel, vi fekk sjå masse apekattar og ei grotte med sikkert ein million flaggermus! Den lukta skal eg aldri gløyme....! Vi oppdaga også ei lang og endelaus strand som blei kalt Secret Bay. Svart sand så langt auge kunne sjå. Vi likar oss egentlig veldig godt her i nordvest på Bali. Det er mykje mindre turistar, mindre støy og mykje mindre søppel. Føler dette er det autentiske Bali.

På søndag reiser vi til Dewantara Butique Hotel i nord. Vi gleder oss til å møte Zybelin og co der! :-)