fredag 22. juni 2012

30 timar...

...var tida det tok frå vi forlot huset vårt på Våland til vi kom fram til vår destinasjon Pavones, Costa Rica! Phu! I dag, dagen etter vi kom fram, klarer eg nesten ikkje hugse korleis det var (er framleis susen og ør etter å ha snudd døgnet og vore lenge på reise...), men alt i alt gjekk det utrulig fint!
Etappane var som følger:
1) Møtte vårt familiereisefølge Ørjan, Ingeborg, Sofie og Markus på Sola, og første tur gjekk  til Frankfurt. Alle glade og oppspilte.
2) Neste etappe: Frankfurt - Santo Domingo. Laaaaang tur. Alva fekk kontinuerlige raserianfall fordi ho ikkje klarte å finne ei god liggestilling. Den som hadde hatt råd til å fly business class....
3) Neste etappe: Santo Domingo - San Jose. Hugsar ikkje heilt korleis denne turen var faktisk... kun eit par timar, og ingen av oss sov. Hadde på dette tidspunktet mista oversikten over om kroppen trudde det var dag eller natt...! :-)
4) Neste etappe: Vente 6 timar i San Jose før Nature Air skulle fly oss til final destination Pavones. Fekk oss ein fantastisk frukost på flyplassen (Flymaten til Condor var grusom!), før vi drog til den lokale flyplassen - som var kun eit stort rom.... Heldigvis var det ein slags park utanfor, så vi fekk slappa av her og såg på alle dei små flya som letta og landa mens vi var spente på kor lite vårt fly kom til å vere...!
5) Neste etappe: San Jose - Pavones. For ein opplevelse! Flyet var lite og med vindauge tett i tett på begge sider. Det ga oss ein heilt unik naturopplevelse! Vi kom så tett på byen, fjella, havet og landet, samtidig som eg var litt engsteleg for om dette kom til å gå bra. Det skjerpa alle sansane!
6) Neste og siste etappe: Biltur frå Golfito til Pavones (1,5 time). Ordet "veg" og "bru" har fått ein utvida betydning etter den turen. Øvrige kommentarar overflødige!

Eg er så stolt og glad over at det gjekk så fint å reise med Alva go Leona. Dei har vore eit flott reisefølge! Det var faktisk den siste bilturen på 1,5 time vi opplevde for den lengste etappen av alle. Vi var overlykkelige når vi endeleg såg skiltet til La Panderosa, kor vi bur, gruppe-high-five'a med jentene før vi gjekk rett ned for å sjekke ut bassenget. Vi kollapsa kl 19 lokal tid (det er 8 timars tidsforskjell) og begynte dagen i dag kl 05.

Det er utrulig fint å vere framme og utrulig fint å vere her. No mens eg sit her og skriv ved bassenget har eg bølgesus i bakgrunnen og det er ca 25 grader. Har brukt dagen på å kikke litt rundt, bade, gjere ingenting og så har Zano surfa - endeleg fekk han surfe drømmebølgen sin! Han kom opp med eit smil, så han er godt fornøgd og i skrivande stund er han på veg til surfeøkt nr 2.

Då vi vakna i dag i 05-tida gjekk vi rett ned på stranda for å sjekke den ut. Det var magisk. Sola var på veg opp og jentene var oppspilte og lykkelige. Vi fant ein kjempemange kokosnøtter som låg i strandkanten, så jentene gjekk straks i gang med å rydde! På slike strender kan småjenter vere opptatt i timesvis! Snodig at ikkje samme ryddeevne viser seg i heimen...!

Alva, Markus, Sofie go Leona i full DS-konsentrasjon på
mellomlanding i Santo Domingo,
Den Dominikanske Republikk.
Pavones, kor vi bur. På veg til stranda den første dagen. 
Alva og Leona på flyplassen i San Jose.
Sofie, Alva og Markus ventar på frukost!
Ventetid på ein liten lokal innanlandsflyplass i San Jose. 
Vi gjer alt for å få tida til å gå når vi har 6 timar å vente på neste fly!
Då er mangoplukking ein fin ting å holde på med! 
Første morning på strand. Magisk. 

1 kommentar:

  1. Hei,, det ser og høres ut som dere koser dere,,, deilig med en andeles ferie enn det folk vanligvis reiser til/på. Kos dere masse videre, og ta mange bilder og legg til. Hils
    Hilsen Andre' (fetter) :-D

    SvarSlett