søndag 24. juni 2012

Vår nye døgnrytme

No har vi vore her i 3 dagar, og begynner så smått å finne ein slags rytme. Vi har iallefall blitt skikkelege A-mennester så langt! Vi legg oss i 20-tida (sovnar umiddelbart!), og i dag vakna eg - heilt utkvilt - kl 04. Ikkje så verst å få 8 timar søvn, tenkte eg, og låg videre mens eg høyrte på dei andre sine jevne, rolege sovepust. Har vel ikkje hatt 8 timars-netter sidan før jentene blei født, faktisk! Eg måtte på den andre sida av jorda for å få det! Hehehehe...

I går sykla eg og Ørjan rundt for å sjekke andre plassar å bu. Ikkje fordi vi ikkje er fornøgd, men fordi La Ponderosa kostar skjorta. Etter å ha sykla rundt i to timar konkluderte vi med følgande:
1) At det var ingen god ide å sykle i 30 grader...
2) At Pavones har utrulig mange overnattingsmuligheter for avdanka hippiar og andre som ikkje er så opptatt av at vi lever i 2012 og ikkje i 1992, air con, rein seng og"det lille ekstra"
3) At vi var heldige med nettbestillingen av La Ponderosa som vi - heilt tilfeldig - oppdaga heime i stova på Våland.

La Ponderosa er i ein heilt annan liga, og vi har vel landa på at vi er villige til å betale det det kostar. Vi bur på stranda, bassenget er nydeleg (i går var barna meir i bassenget enn på land!) og maten er fantastisk og "rein". Det er imidlertid eit lite stykke til surfespotten og til butikken, og det er ingen andre gjester her. Vi får ta eit familieråd på det i dag! :-)

Den første morningen på stranda.
Den første morningen på stranda.
Bassenget til La Ponderosa. Stranda ligg rett nedanfor. 
Morgontur på stranda.
Ein liten Leona-fot i kveldssanden... 

Kveldstur på stranda. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar