onsdag 11. juli 2018

Nusa Lembongan

Tida fyk - har jo ikkje tid til å skrive reiseblogg ein gang!!

Sist fredag reiste vi frå nord og Dewantara og ned til sør (Sanur) for å ta båten over til øya Nusa Lembongan. Vår koselige vert utstyrte oss alle med fruktposar og vann, så følte han tok ei skikkelig fin bestefarrolle overfor oss! Zybelin og David drog ein veg, Ilay og Even drog ein annan veg og vi drog ein tredje veg. Flott tur på kryss av heile øya; køyrte forbi vulkanar og innsjøar og gjennom små landsbygder og rismarker. Turen tok berre 3 timar, så øya er ikkje så stor!

Då vi kom til Sanur og skulle ta båten over til øya, blei gleden stor hos jentene då dei oppdaga at det gjekk an å få kjøpe seg gigantiske badeleiker på kaia! Dei kom fornøgde tilbake med kvar sin einhjørning og svane - som stakkars Zano har blåst opp for dei...! :-)

Båtturen over til øya begynte jo veldig bra. I det vi skulle komme oss ut av kaiområdet braste båten inn i steinkanten - og ingen av mannskapet gjekk ut for å sjekke om det hadde gått greit med båten. På grunn av denne hendelsen tenkte eg at eg berre ville sjekke kor redningavestane låg, så eg åpna skapet kor dette stod skilta. Der var det jo tomt, og då eg spurte ein av mannskapet kor dei låg, peika han berre bakerst i båten kor det låg ein gjennsnøra søppelsekk med redningsvestar... kjempebetryggande! Båtturen tok heldigvis berre 30 minutt, og det var akkurat nok!! Vi har vurdert å reise over til Gili Meno, men etter at eg fekk vite at det er ein båttur på 2,5 time er dette no heilt uaktuelt!!

Vi kom altså vel i havn på denne lille øya til slutt. Følte at vi kom til ei karibisk øy i det vi la til kai - fekk umiddelbart ein følelse av at her går ting i sakte tempo, laidback stemning og hyggelig atmosfære. Det er ingen bilar her - kun små pick up'ar som fraktar turistar rundt på øya og ein haug med scootarar. Vi blei henta av ein slik liten pick up, og frakta til huset vi no bur i. Dette er ein kjempekoselig plass midt i det lokale området, så her blir vi vekt av sikkert 50 høner som kakler kvar morgon! Vi har eit eige basseng og to soverom og utestue og kjøkken, så no har vi faktisk laga oss eigne frukostar også! Ellers god standard, reint og fint og koselig.

Etter ein dag her på øya ga Zybelin beskjed om at dei sakna oss sånn så dei hadde også lyst å komme hit! Kjempekoselig!! Så dei kom på søndagen og vi er her ilag fram til lørdag. Så kjekt å vere med storfamilien!! Vi har brukt dagane til å bli godt kjent med både denne øya og naboøya Nusa Ceningan. Vi har leigd scooterer, så heile gjengen har skjelvande køyrt rundt her og kryssa fingrane for at det skal gå bra...! Eg har jo aldri køyrt scooter før, og er slett ikkje sikker på om eg kjem til å handle rett i ein krevande situasjon kor eg må reagere raskt (er redd for å ta gass i staden for brems osv...), men foreløpig har det gått fint. Zano og jentene kaller meg faktisk for Sneglemor,- ein betegnelse dei meiner er passande for køyrestilen min! :-)

Ellers har vi vore på snorkletur, kor Zano og jentene såg både mantra og skilpadder. Mantraen var så kul; den flaug liksom i vatnet og svømte mot Zano og jentene. I går var Zano, David og jentene ute på bananbåttur, og David kom tilbake og uttrykte at "you have a crazy family!!" Då hadde jentene dansa på båten, ikkje holdt seg med hendene og ropt og skreke. Jentene er over gjennomsnittet glad i fart og spenning - noko dei iallefall ikkje har arva frå meg...! I morgon er planen at Zano og Alva og David skal ta eit dykk. Alva er supergira og gleder seg - veldig kjekt at ho har interesse og talent for det.

I går var det 9 år sidan eg og Zano gifta oss! Zybelin tilbydte seg å vere barnevakt for jentene slik at eg og Zano kunne gå ut og spise ilag, men vi hadde så lyst å ha med oss alle, så vi gjekk på ein tacoplass som jentene fekk bestemme. Ikkje så romantisk, men veldig koselig - sjølv om porsjonane var mikroskopiske for våre magar...!

VI blir her på øya fram til lørdag. Då reiser vi til Bali igjen og opp til Ubud. Det er ein flott, liten by i innlandet, så det blir nokre dagar som sikkert blir litt annerledes enn dagane vi fram til no har hatt ved kysten. Gleder oss til det!!







  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar