torsdag 19. juli 2018

Ubud og vulkan og sånt...

Travelt på ferie - får jo ikkje "skreve heim" om kva vi driv med ein gang...! :-)

Nok ei veke har gått, og vi har sidan sist forflytta oss frå øya Nusa Lembongan i sør til Ubud midt på øya og så til Candidasa i sørøst.

Ubud først; både eg og Zybelin var i Ubud for 20 år sidan, og hugsa det som ein pitteliten flott by som hadde alt å tilby innan handarbeid, flott kunst og gamle bygningar. Ein kulturhovudstad på Bali. Vi rigga oss til på Wadari retreat (eit flott og nytt hotell rett utanfor Ubud - men som har litt å gå på ifht maten...), og tenkte at vi berre skulle ta oss ein liten kveldstur til Ubud for å orientere oss litt. Vi tok taxi dit, blei satt av midt i sentrum og tenkte "OH MY GOD! Masse kan skje på 20 år!!" Eg hugsar ingenting slik det var no. Og det var folk overalt. Kø kor du ein snudde deg. Vi berre sendte kvarandre sjokkerte blikk mens vi trava forvirra nedover gatene, og datt inn på ein vegetarrestaurant til slutt - som hadde ein meny som ei komplisert bok og ingen klarte å hverken forstå hva som stod eller å samle tankane til faktisk å bestille mat. Sjokkerande. Tydelig at alle som besøker Bali skal innom Ubud! Det blei ein tidlig kveld, og alle var enige om at det var godt å komme tilbake til hotellet! :-) Dagen etter tok vi ein roligare tilnerming til agendaen, og gikk på tracking i fjellene. Veldig flott! Vi hadde på forhånd høyrt at i Ubud hadde dei eit slags system for søppelhandtering, sidan mange som bur her er meir opptatt av miljøet, økologisk matbruk osv. Då vi gjekk tur såg vi imidlertid at det systemet dei har ikkje er så mykje bedre enn ellers på Bali, for langs elvene såg det ut som søppelfyllinger - vegetasjonen er imidlertid mykje kraftigare og grønnare så du ser det ikkje ved første augekast....! Då vi var på denne turen gjekk vi også gjennom nokre landsbyar. Zano såg eit veldig anonymt skilt kor det stod at ein var velkommen inn til å sjå korleis dei lokale levde. Vi tenkte at det kunne vi jo kanskje gjere, og kom inn til ein koselig restaurant kor vi spiste noko av det beste vi har spist på turen!! Utrulig kjekk oppdaging! Vi fekk etterkvart vite at denne restauranten ligger på 1. plass på Tripadvisor (av 800 andre restaurantar i Ubud). Flaks at vi havna der!

Andre ting vi gjorde i Ubud var ATV-køyring med jentene, og så kjøpte eg ei ny lampe!! :-) Nydelig handlaga i bambus som skal vere i taket over trappa,- ser ut som eit stort skjell. Den skal skipast til Norge, og forventa ankomst er om 40 dagar! Får mail kvar gang den kjem til ei ny havn, så eg er veldig spent på reiseruta! :-)

For to dagar sidan kom vi til Candidasa. Vi reiser framleis med Zybelin og David, som kom hit ein dag før oss. Bur på ein veldig fin plass som heiter Sea Breeze rett ved sjøen,- deilig å ha strand og hav så tilgjengelig etter nokre dagar i innlandet. Candidasa ligg ikkje så langt fra den aktive vulkanen Agung... var litt usikker på om vi skulle tørre å reise hit, men satsar på at det går fint. Ein av morningane i Ubud våkna eg av at Zybelin kom inn til oss og lurte på om vi hadde kjent jordskjelvet! Zano og jentene hadde kjent det, men eg sov, men angivelig var det et kort jordskjelv som hadde med vulkanen å gjere. Skumle greier. Satsar på at det ikkje skjer noko mens vi er her!

I går var vi på ein fantastisk rundtur her i Candidasa-området. Starta med at vi fekk sjå masse lotusblomstrar i ein liten innsjø, så drog vi videre til ein apeskog kor vi fekk mate apene (skummelt og spennande samtidig!), så drog vi videre til eit tempel som er svært hellig for hinduane kor jentene fekk vere med på ein seremoni (kor dei drakk holy water som eg lurte på om var ok for deira norske magar!!). Turen gjekk så videre til eit anna tempel kor vi hadde lunsj og kor kongen i si tid pleide å komme for å ta seg eit bad! Så drog vi innom ein honning- og te/kaffefabrikk og til slutt fekk vi sjå ein landsby kor folk bur og lever slik dei gjorde for fleire hundre år sidan. Kanskje vi hadde for høge forventningar eller kanskje var vi litt trøtte; ingen av oss såg egentlig at dei levde noko annerledes enn andre her på Bali - bortsett fra at dei vevde på sarongar! :-) Men alt i alt ein veldig spennande dag! Vi blei igjen slått av kor fattig mange lever her,- spesielt inn i jungelen og inn i landet. I tillegg såg vi igjen kor stort problemet er med søppel her. Vi som turistar burde egentlig boikotta Bali og sagt at vi ikkje kjem hit før dei får på plass ein måte å handtere søppelet på...

I morgon reiser vi igjen! Zybelin og David skal til Sanur og blir på Klumpu dei to siste nettene før dei reiser tilbake til Norge. Vi reiser ned til Uluwatu, og tanken er å vere her den siste tida. Då er planane at eg skal jobbe med brunfargen (dei dagane er har planlagt å sole meg har alt berre kokt vekk i kålen, og eg drømte faktisk at eg kom heim og var bleikare enn alle som hadde vore i Norge i sommar....!), Zano skal surfe, jentene vil ha ein dag med shopping i Kuta, feiring av Leona sin 10-årsdag som ho ønsker å gjere på hesteryggen og på ein kafe som ho har lagt sin elsk på og ellers er vi åpne! :-)   
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar