mandag 18. juni 2018

Adapting to change....!

Då har det nesten gått to veker sidan vi drog frå Stavanger! Har ikkje fått oppdatert bloggen på ei stund pga nettverksproblem, men no håper eg det er stabilt og bra! :-)

To veker, ja... og kva er status? Status er at døgnrytmen er på plass, vi sliter ikkje så masse med varmen lenger og trafikken gir meg ikkje lenger konstante panikkanfall. Antall myggstikk har også gått jevnt nedover; no er det vel kun eit relativt nytt på ryggen min, men ellers ingenting. Vi har blitt litt bedre på pruting, men har enda litt å gå på for å bli total iskald i forhandlingsøyeblikket. Vi sliter framleis litt med å gjere om indonesiske rupies til NOK, då vi snakkar om x antall nullar som skal tas bort og så dele på to. Sist veke fant eg maur i senga mi, men denne veka er det reint og fint, så kurva er oppadstigande! :-)

Det som eg framleis synes er krevande, er å sjå kor ekstremt fattige dei fleste er her. Det er små boder på kvart eit hjørne,- dvs boder er ein overdrivelse, for det er berre eit skittent lite rom med nedstøva varer, og på ein god dag tipper eg at dei selger to vannflasker.... Så der går dei på jobb kvar dag. Kva er det som får dei til å stå opp om morgonen? Kva drøymer dei om? Kor svoltne er dei - egentlig? Og så kjem vi og pruter på krona for å få sarongen litt billigare.... Eg kan nesten forstå at dei då ikkje bryr seg sån masse om søppelet som litt i kvar ein vegkant. Dersom dei ikkje får sine primærbehov dekka, har dei ikkje ork til å gjere noko med det andre. Vi snakka med ein italiener i går, og han fortalte om søppel som blir gravd ned i sanden på dei fine strendene. Det er berre trist.

Bortsett frå slike refleksjonar har vi det fint! No bur vi på Milo's Home på Balangan, og her er det koselig. Ikkje på langt nær så fint som på Klumpu, men sjarmerande. Zano har fått surfa, jentene har fått bada masse i basseng og på strand, og i går var vi også på eit badeland som heiter Waterbom park. Det var eit veldig bra badeland; moderne og trygt og variert. Eg fekk verkeleg gått ut av komfortsona mi opptil fleire ganger når jentene og Zano drog med meg på alle dei skumle skliene - eg skreik meg faktisk hås i halsen!! Hehehehe... Zano og jentene blei så fasinert av å sjå på angsten min og høyre på skrikinga mi at dei ikkje fekk med seg sjølve opplevelsen! Hehehehe... billig underholdning!

I dag skal vi finne neste overnattingssted - trur vi reiser nordvestover til Balian på fredag. Kjekt å planlegge neste stopp og kjekt å reise med jentene! Dei vil helst bu i Kuta, for dei elska virkelig Kuta med alle butikkane / bodene, folkene, selgarane osv.... Sjølv må eg manne meg skikkelig opp til neste Kuta-tur, for det var ein energislukande opplevelse! Ellers køyrde vi gjennom Seminyak her om dagen, og det området fristar for shopping. Her var det moderne, butikkane var faktisk fine og tiltrekkande og det var ein heilt annan stil over området. Så her må det handlast før vi reiser heim att til Norge!! :-)














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar