onsdag 13. juni 2018

Hest er best!

No er det ei veke sidan vi reiste frå Stavanger - både lenge og lite sidan på samme tid! Vi har komt greit inn i den nye døgnrytmen, og har slutta å heile tida sammenlikne tida med norsk tid...! Jentene blir trøtte i 22-tida, og søv til 09, så trur dei får nok søvn! :-) Eg er vel den som slit mest, men prøver å ikkje stresse så masse med det. Har god tid!

I går fekk Leona oppfylt sitt store ønske om å ri på Bali! Det har ho snakka om sidan vi bestilte turen, så forventningane var store då vi drog over til Canguu for horse back riding! Både ho og Alva fekk prøve seg, mens eg og Zano køyrde på scooter bak dei. Det var stas, og Leona var svært fornøgd med at ho fekk lov til å både trave og ri i galopp med desse enorme arabarane langs rismarkene...! Det var heldigvis snille hestar, og dei såg ut til å ha det godt.

Etterpå drog vi til stranda i Canguu og fekk med oss solnedgangen der før BBQ på ein strandkafe der. Veldig koseleg plass, så her vil vi kanskje dra tilbake og bu ein annan gang. Vi har også vore på Keramas; ein annan bra surfeplass, men her var det ein helt annan stemning. KUn eit hotell som såg ut til å rule heile stranda (hotellet heitte Komune, og det var rett og slett ein eigen kommune...). Zano har ikkje fått surfe meir enn ein gang ila denne veka, og det merkes....! Vi flytter over til Jimbaran i morgon og skal bu der i ei veke, og då kjem han til å ha surf rett utanfor dørstokken, så han får ikkje noko medlidenhet frå meg! :-)

Vi har kryssa øya no fleire ganger, og eg får alltid den samme litt ubehagelige følelsen i magen. Kor mykje meir klarer Bali egentlig? Over oss høyrer eg fly lande og lette nesten heile tida. Scootertettleiken og antall biler på vegane er heilt ubeskrivelig. Eg trur vi har fått 300 sugerør innpakka i papir når vi har bestilt drikker ila ei veke.... det virker som at kvar lille cm på Bali er utnytta. Klarer øya dette?? No har vi vore i den delen av Bali kor trykket er størst, så etter Jimbaran skal vi reise nord-vest til Balian og Medewi kor det er mykje roligare. Der får vi forhåpentligvis følelsen av at øya får puste litt og....









 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar