lørdag 23. juni 2018

Balian village

No er vi komt til Balian; ca 3 timar frå Balangan på nordvestsida av Bali. Dette er ein liten surfespot med eitt par overnattingsmuligheter, ett par restaurantar og er eit relativt oversiktelig lite samfunn. Vi bur i eit veldig stort og fint hus denne gangen (Balian Villa); faktisk skikkelig uvandt å ha så stor boltreplass og ha eige kjøkken, stue, to bad og to soverom etter at vi har delt eitt rom alle fire no i over to veker...! Zano er ikkje heilt fornøgd med surfen ("Det er jo bedre surf i Norge jo! Har ikkje reist heilt til Bali for å surfe dette!!"), pluss at eg synes plassen er litt for liten, så vi skal sjekke Medewi i dag. Jentene er sjølvsagt veldig fornøgd med å vere her og kan ikkje forstå kvifor vi skal videre (dei digger huset), så denne turen demonstrerer alle dei ulike behovene og ønskene som kan vere i denne familien....! Det er til ei kvar tid minst to behov som er i konflikt med kvarandre, så enten kjem vi heim med ekstremt god forhandlingskompetanse eller så har vi fått heilt nok av kvarandre!! Hehehehe…

Zybelin (søstra til Zano) med familie kjem hit neste søndag, og då er planen å møte dei i nord, så vi bruker denne veka på å jobbe oss oppover. Eg liker meg best på plassar som både er rolege og samtidig har eit lite sentrum kor ein kan få tak i det ein ønsker og med ein viss standard; eg kjenner eg er SÅ ferdig med ekle bad, kjipe kafear og sjuskete omgivelsar. Eg har definitivt blitt 20 år eldre sidan sist eg var på Bali...!

Dei store begivenhetene siden sist er vel at både Zano og Alva skada seg litt her om dagen. Zano kutta seg litt på et rev på Balangan, og Alva klarte å brenne seg på eksospotta på scooteren vår. Siden det er så varmt og fuktig og heilt andre bakteriar her, har vi fulgt godt med på sårene, og det ser heldigvis ut til å gro godt på begge to.

I natt har det regna masse, og i dag er det overskya. Zano er ute å surfer, jentene sitter litt på telefonen og eg skal straks sette meg med ei bok. Dagane går i eit roleg og behageleg tempo; det vi må huske på ila ein dag er å ta på myggspray og bestemme oss for kvar vi skal ete middag om kveldane. I går gjekk vi ein nydeleg kveldstur på stranda i fantastisk lys (rett før solnedgang), før vi spiste det beste måltidet vi har hatt ila heile turen, trur eg! Det var på ein liten og totalt non-fancy restaurant rett nedanfor huset vårt, men kor dei virkelig hadde peiling på langtidsstekt/bakt kylling....! Himmelsk. Så dit skal vi i dag og! Maten er generelt både billig og god her, så nyter virkelig å ikkje stå på kjøkkenet desse vekene!





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar