søndag 10. juni 2018

Klumpu Bali Resort - a new friend!

Framme på Bali! Ganske sprøtt å tenke at vi er på den andre sida av jorda, men samtidig veldig naturlig! Livet er her no, og Norge og kvardag kan vente i nåken veker framover....

Turen gjekk veldig fint! Den var som følger:
1) Første etappe Sola - København. Kort og rask tur.
2) Andre etappe København - Singapore. 11 timar. Vi fekk heldigvis to rader med eit ledig sete på begge radene, slik at jentene fekk ligge og sove. Det gjorde nok heile forskjellen. Leona sov vel iallefall tre timar totalt, og Alva litt mindre. Sjølv fekk eg og duppa av, og det hadde eg ikkje forventa!
3) Tredje etappe: Singapore - Denpasar. Denne turen var vel på ca 2 timar, men føltes veldig rask. På flyplassen blei vi henta av hotellet, så oppsummert gjekk turen knirkefritt. Til og med surfebrettene til Zano kom fram heile og fine, og det er absolutt ikkje ein selvfølge!

No hugsar eg korleis Bali var - 20 år etter forrige tur hit. I det vi landa på flyplassen hugsa eg alle luktene. I det taxien begynte å køyre ut frå flyplassen hugsa eg trafikken. alle scooterene, alle forikøyringane, følelsen av kaos og et behov for umiddelbart bli religøs og be til høgare makter. Då vi nærma oss bebyggelsen og turistområdene hugsa eg "arkitekturen" på husa; veggar og tak av bølgeblikk, skitten mur og papp. "Har Bali blitt fattigare sidan sist, eller er det berre eg som har blitt snobbete middelklasseborger?" var tankar som for gjennom mitt jetlag'ete hovud. "Kva er det vi har tatt med jentene på? Dette er sprøtt!" var min neste tanke.

Men så kom vi til Klumpu Bali Resort. Vår nye heim den neste veka. Paradis på jord. Lekkert og delikat. Frodig og nydelig. Koselig og sjarmerande. Dei tok i mot oss med fersk limonade i eit nydeleg pynta glas - min favorittdrikk gjennom tidene, og fantastisk grønn ris- og kokoskake. Vi har fått ein ny venn. Her er det godt å vere!!!

Bali er annerledes enn heime, og vi må berre bli vandt til det. Eg hadde kanskje gløymt kor fattige mange er, men eg hadde også gløymt kor utruleg vennlege alle balineserne vi har møtt er, kor deilig varmen er her og kor frodig det er her. Så lenge vi holder oss vekke frå trafikken og dei største turistområdene er det dei inntrykka som fester seg.

Dei føste dagane her har vi brukt på å bli litt kjent. Vi har leigd syklar og sykla rundt her på Sanur. Opplever Sanur som litt laid back og rolig sammenligna med f.eks Kuta og Uluwatu, og det passer oss bra! Her er det ein god miks av nydelege hotell, fin strand, enkle butikkar/boder og restauranter. Vi har vore både til Kuta og Uluwatu, og det var ganske overvelmande for ein jetlag'ed familie! Trafikken er mildt sagt facinerande….! Mottoet er "Ingen reglar", og eit tut betyr at "Her kjem eg, så flytt deg!" I Kuta var også selgarane på oss frå vi satte ned foten, så trur vi skal forsøke å styre unna den byen. Jentene fikk velge kva vi gjorde i går, og då valgte dei shopping i Kuta! :-) Begge kom heim superfornøgde med både caps og t-skjorter frå kjente merker; kor ekte dei er er vel ein annan historie...! :-)

På Uluwatu fekk vi med oss den siste dagen med VM (?) i surfing. Eg veit jo ikkje kven nokon av utøvarane var, men Zano fekk sjå alle sine heltar i aksjon. Det var kjekt for han! :-)

I dag skal vi til Canguu - Leona har så lyst å prøve hesteriding!




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar