torsdag 28. juni 2018

..... og DER!

.... har roen virkelig begynt å komme på plass!

No har vi vore på tur i tre veker, og roen har senka seg på ein annan måte enn tidlegare. Dagane forsvinner mellom hendene våre sjølv om vi ikkje fyller tida med så masse anna enn å spise (!!), bade i basseng eller i sjø, gå turar om kveldane, bli kjent med nye plassar eller slappe av med lesestoff / nett. No sit eg ved bassengkanten i sarong og flip flops mens vinden ruskar meg i håret og bølgene bryter i det fjerne. Zano har nettopp hatt seg ein god surf (bølgen minna om hans favorittbølge i Pavones i Costa Rica!), og Leona ligg ved sidan av meg. Livet er med andre ord ganske så bra!

No har vi flytta oss til ein plass som heiter Medewi, som er ca 45 min frå Balian. Her bur vi heilt fantastisk - vi har hus PÅ stranda, alt er nyoppussa og friskt og reint og koselig og moderne (Umadewi Surf and suites), og jentene har blitt kjent med nåken australske jenter som også bur her. Det syntes dei var spennandre og kjekt, etter å kun ha vore ilag dei to dei siste tre vekene...! Igjen er vi tilbake på eit rom alle fire, men det er egentlig veldig koselig! :-)

Som sagt kom vi frå Balian i går. Balian endte vi faktisk opp med å bli veldig glad i. Huset var fantastisk, og vi oppdaga ein liten og veldig lite fancy restaurant som laga den beste maten vi har smakt på heile turen. Grilla blekksprut, tunfisk og reker med sitrongress, pork i balinesisk krydder servert i et bambusrør..... for å nevne noko på menyen. Alt var godt, og ein merka at kokken var glad i å lage mat. Ellers var dette ein plass kor folk var ei god stund, slik at vi kom på hels og snakka med fleire etterkvart. For eksempel var det ei stor gruppe med yogaentusiastar som skulle vere der i tre veker! Veit ikkje om eg hadde hatt roen til det, men interessant at mange klarer det - det var kun ein butikk der og 7-8 restaurantar, så ikkje så mange impulsar utanfrå! Sjølv tok eg ein yogatime der, og det var kjempebra - på stranda og med bølgene i bakgrunnen... ellers unna eg meg både pedicure og fotmassasje, og har aldri hatt så fine bein før! :-)

Ellers hadde vi oss ein dagstur i området, kor vi hadde ein sjåfør som køyrte oss til ein foss, til eit tempel, vi fekk sjå masse apekattar og ei grotte med sikkert ein million flaggermus! Den lukta skal eg aldri gløyme....! Vi oppdaga også ei lang og endelaus strand som blei kalt Secret Bay. Svart sand så langt auge kunne sjå. Vi likar oss egentlig veldig godt her i nordvest på Bali. Det er mykje mindre turistar, mindre støy og mykje mindre søppel. Føler dette er det autentiske Bali.

På søndag reiser vi til Dewantara Butique Hotel i nord. Vi gleder oss til å møte Zybelin og co der! :-)
























   



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar