tirsdag 3. juli 2012

Bursdagsfeiring på Costa Rica-vis

I dag var vi i bursdag til datra til eigaren av ein fantastisk italiensk restaurant som vi ofte går på. Veldig kjekt å bli invitert, og veldig kjekt å oppleve bursdagsfeiring på Costa Rica-vis. Det krydde av barn og voksne, og den eine pizzaen etter den andre kom susande inn, etterfulgt av nachos med bønner, is, godteri og til slutt pinjata. Reaggae blei spilt i bakgrunnen, alt var avslappande og sommerleg, og barna koste seg masse.

Andre vesentlige aktivitetar verdt å nevne frå i dag var massasje!! Ein time med verdens beste massasje, med bølgesus i det fjerne og litt åleinetid. O' lykke....

Leona er klar for fest! Her med posen med gåva i,
 og nyinnkjøpte hårklemmer.  
Flott pynta restaurantlokale.
Denne hunden (Bella) har gått rett i hjertene våre.
Ho går rundt i t-skjorte og dongeriminiskjørt
kvar gang vi er på restauranten. Alva og Leona elskar henne. 
På bursdagar må det dansast! 
Leik i hagen.
Alva, Sofie og Leona på leike-ATV. Meget populær!!
Sjølvaste Pinjata, stuffa med masse digg!
Markus får prøve seg på å sjå hull på dukka. 
Godtepose har dei i Costa Ricanske bursdagar også! 
Lukka var stor då det begynte å styrtregne
og barna fekk lov til å gå halvnaken ut i regnet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar