lørdag 7. juli 2012

On the road again! :-)

Masse har skjedd sidan sist blogging! Torsdag drog vi frå Pavones,- Zano med eit tungt hjarte sidan han var så fornøgd med surfen, eg med eit blanda hjarte. Vi har hatt to fantastiske veker der, og etter at vi har dratt frå plassen har vi igrunn blitt enda gladare i den - avstand gjer at ein ser ting i eit anna lys.... Imidlertid var Pavones langt frå sivilisasjon og fascilitatar ein er vandt med (f.eks shopping, cafe latte, eit myldrande folkeliv osv...), så eg kjente at eg var klar for endring. Ferda gjekk derfor 4 timar nord for Pavones til destinasjonen Dominical. Ein heilt anna flavor over denne staden!! Her er det asfaltvegar, butikkar, kafear og eit myldrande folkeliv. Får av og til litt synden-følelse, og det er ikkje berre positivt! Plutseleg hugsar vi Pavones som super eksotisk. Saknar koselege Marshall og Angela som dreiv La Ponderosa, dei søte damene som laga mat til oss, ATV-turane på superhumpete veg, stekte grønne bananer servert på den mest lugubre lokale kafeen (men dei kan jammen lage mat!!), alle dei tusen krepsane som barna gjekk og samla på og følelsen av å vere på ein ukomersiell og ekte plass. Eg føler på meg at vi kjem til å reise tilbake til Pavones, så det er iallefall ein fattig og god tanke. Zano vil pensjonere seg her, forresten! :-)

Surfarane i reisefølget er ikkje heilt fornøgd med surfen her,- det vil sei at den er for heftig. Ingen har turt seg ut i dei kraftige bølgene, så dei siste to dagane har vi alle sammen gjort andre aktivitetar og føler vi har vore skikkelege turistar! I går var vi i ein nasjonalpark kor vi var lova å sjå både ederkoppaper, brøleaper og dovendyr. Det vi fekk oppleve var maur og mygg! I dag drog vi til ein flott foss med kulp,  kor vi bada, snorkla og såg på heidundrande stup / hopp urført av lokale kulp-lommekjente gutar frå ca 15 meter høge tre og fjell som omringa kulpen. Utruleg fascinerande! Heilt tydeleg at dei er vokst opp i kulpen,- måten dei bevega seg på i dei høge trea og i fjella var imponerande!!

I måra går turen videre til Santa Teresa,- den flotte staden vi gifta oss i for tre år sidan! :-) Dette er truleg endestasjonen for turen, og her planlegg vi å vere fram til 29. juli. Vi har booka rom på hotellet som vi gifta oss på,- ligg rett på stranda og er såååå fint! Vi har bryllupsdag 11. juli, så det er veldig kjekt å kunne vere i Santa Teresa denne dagen. Vi skal derfor opp tidleg i morgon, og reiser avgårde i 07:30-tida. Gledar oss!!!!

Mor til Marshal og ei av dei koselege damene som
laga mat til oss kvar dag på La Ponderosa. 
Flott skilt!! 
Dyrevennen Alva som elskar alle hundane (og det er ikkje
reint få) som kjem på hennar veg.
Koselege Marshal og Angela, som driv La Ponderosa
Alva go Leona ein morgon vi gjekk rundt på området for å
finne gekko'ar.
Mmmmmm!
Smoothies med fersk frukt er berre det beste som fins!
Skjønnasane i bassenget.
Rart at dei ikkje har utvikla klorallergi...
På veg til ein flott foss i Dominical. 
Bading i kulp er herleg og litt forfriskande! 
Ei litt kald Leona i dykkermaske får varme hos pappa.
Ho elskar den dykkermaska. Snakkar og syng med den
på når ho er ute i bassenget 
Skjønnasane utanfor ein fruktkiosk i Dominical.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar