mandag 2. juli 2012

Cabo Matapalo

For to dagar sidan tok vi ein dagstur til Cabo Matapalo. Dei er ein liten plass "rett over fjorden her", og vi blei advart om at denne plassen er enda mindre utvikla enn Pavones (Pavones fekk telefonlinje for 4 år sidan, og vi må køyre ein time for å komme til nermaste minibank!).
Likevel likte vi oss veldig godt i Cabo Matapalo. For dei som ville surfe var ikkje bølgene optimale, så det blei ein fin familiedag på stranda og ved bassenget. Vi såg masse flotte papegøyer som flaug fritt omkring, og fekk også sett nermare på brøleapene som kasta seg frå tre til tre. Også på denne stranda krydde det av småkrepsar og sjøsneglar, så ungane var lykkelege samlarar.

Båtturen heim var imidlertid ikkje av den kjekke sorten. Veret snur utruleg fort her (plutselig kan det skye over og begynne å styrtregne- gjerne akkompaniert med lyn og torden, for så å klarne opp att ein time seinare), og det var veromslag i vente då vi returnerte til Pavones. Sjølv om alle ungane hadde regningsvest, følte eg meg for første gang her nede som ein skikkeleg uansvarleg forelder. For meg fortona bølgene seg som to meter høge, og vi kom oss berre ikkje fort nok fram til fastlandet! Både eg og Ingeborg var overlykkelege då vi kom fram til Pavones,- mens Zano syntes dette hadde vore ein spennande og storarta båttur....! Er det mulig?? Denne samtalen fant faktisk stad under overfarten:
Silje: Dette her er berre heilt forferdeleg. Eg er livredd. Dette kjem aldri til å gå bra
Zano: Hæ? Nei, dette er jo spennande. Kva kan skje, liksom?
Silje: Ok, vi kan kantre, båten kan bli fylt av vatn på grunn av bølgene, bølgene kan slå hol i båten, taket kan blåse av og skade oss i svevet... for å nevne nåken aktuelle utfall
Zano: Neidå, vi har jo med oss ein erfaren fiskar som styrmann, og eg er sikker på at han kjenner dette havet godt. Bølgene er jo ikkje store ein gang. Dette kjem til å gå kjempebra. Det er berre ein ting eg ville vere redd for her ute, og det er lyn.
Silje: ....tenke, tenke...heldigvis ikkje nåke lyn..... eg må høyre på Zano....det han sa der var jo sant og ga meining....no føler eg meg litt beroliga....
Det går ca 5 minutt, så ser vi plutselig himmelen bli flerra opp av lyn, etterfulgt av høglytt torden....
Silje: ..... kva skjer dersom båten blir truffen av lynet?
Zano: Då blir vi grilla.
Enkelt og greit.
Ikkje meir å seie om den saken. Finito. Plutseleg var ikkje Zano sine ord så beroligande likevel...!
Det gjekk heldigvis godt  med både oss og båten! :-)
"Kaiområdet" i Pavones 
"Kaien"!
Alle mann (og hundar!) i arbeid for å sjøsette båten 
Alva og Sofie 
Alva kosar seg på sjøen! 
Leona syntes det var kjekt å stå i fronten på båten
To andre flinke kapteinar!
Silje og Leona
Sjekk ut den kjemperota!!
Hehehe...to kokte små jenter, eller??
Ikkje lett å få alle til å smile på bildet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar