tirsdag 31. juli 2012

Heime att!

Då var vi komt oss trygt og godt heim att til huset vårt på Våland. Mista tellinga ein gang i natt ifht kor mange timar vi hadde vore på reise, men det er mange.... Drog frå Griss i Santa Teresa søndag morgon for å overnatte på Hotell Luisiana i San Jose ei natt. Dette hotellet var berre superkoseleg. Det var reint, vi hadde dyner ( o lykke....) og det var ein good feeling der. Sidan vi skulle stå opp kl 05 mandag morgon, sov eg dårleg og vakna x antall gangar. Var sikker på at vekkerklokka ikkje kom til å ringe osv... Flyet gjekk frå San Jose kl 08:30, og vi var framme i Frankfurt kl 06 i dag tidleg (flyturen tok 14 timar). Syntes det gjekk betre å fly bort (nattfly) enn heim att, men kanskje det berre er eg som har fortrengt kor enormt sakte slike timar kan gå og kor frustrerande det er når Alva får raserianfall fordi ho ikkje får strekt ut beina eller ikkje finn ein god soveposisjon.... Det var godt å sette føttene på landjorda i Frankfurt, sjølv om kroppane våre då trudde det var natt...!
Drog videre til Stavanger kl 11, og då sovna vi alle fire allerede før flyet var i lufta. Herleg! På Sola stod flotte Lorien og venta på oss, og Lorien og Frida har vore her hos oss i ettermiddag. Kultursjokk å komme heim. Treng nok nokre dagar å komme inn att i livet her. Og til å klippe plenen og luke i hagen....!

No kjenner eg at eg er heilt susen pga enorm søvnmangel, så trur eg skal dra med meg min kjære mann og legge meg. Legg nok inn nokre siste nye bilder i morgon! :-)














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar