tirsdag 10. juli 2012

Santa Teresa

Då var vi framme i vakre Santa Teresa! :-) Det var så kjekt å sjå plassen igjen,- ikkje så mange endringar sidan vi var her for tre år sidan!  

Vi har budd på Tropico Latino (www.hoteltropicolatino.com) desse tre første dagane, og dette er berre ein av mine favorittplassar. Ikkje nok med at vi har gode minner herifrå frå bryllupet vårt, men denne plassen er berre så flott! Eit superfint resort på stranda, med supergod mat og fantastisk standard. Vi blei alle herleg barnsleg glade av å komme ned til strandområdet og sjå kor fin utsikten var og kor utruleg fin denne stranda er,- og det beste av alt: Den ligg rett ved huset vårt! Dessverre kostar det å vere ka her, så i morgon drar vi videre til The Griss (www.costaricagriss.com) kor vi budde sist vi var her. Litt rimeligare, men like koseleg! :-) Vi gjekk bort dit i går for å helse på Selma og Gabri som eig og driv The Griss. Det var så koseleg å sjå dei att, og ikkje minst sjå att plassen!:-) Sist vi var der holdt dei pá á bygge basseng. No stod dette ferdig, sá det var stas for jentene á provebade dette! 
Leona på ferja over til Nicola Peninsula.
To flotte jenter på ferja.
Mum and Dad! :-) I morgon har vi tre árs bryllupsdag!
 Den skal feirast pá stranda pá Tropico Latino.
Santa Teresa! :-)
Eg elskar å gå tur om morgonen.
Då er lyset magisk og temperaturen perfekt.
Ein perfekt benk midt på stranda.
Dei beste klumpane i verden.
Elskar dette bildet.... 


Utsikten frå bassenget på Tropico Latino, Santa Teresa.
Alva og Leona utanfor huset vårt, klar til å ete middag ute
på ein av dei koselege restaurantane her.






1 kommentar:

  1. Hei på dere :-D
    Glemte å gratulerer dere 2 med bryllupsdagen(på onsdag??)Så en forsinket gratulasjon kommer her,,,,, Så deilig å se dere kose dere der nede,, store som små,,, med masse bra bilder som lar oss få bli med dere på "ferden",,, megabra,,,
    Hils alle,, hilsen fra meg og mine... klem :-D

    SvarSlett