tirsdag 24. juli 2012

Glimt...

...frå ein kvardag som snart berre blir eit godt minne - see pictures below! :-)

Fire dagar att i vakre Santa Teresa, så her må vi berre nyte siste rest!! Plutselig må vi begynne å planlegge å ha tid til alle tingene vi ønsker å gjere før vi drar,- begynner faktisk å minne om kvardagsorganisering som vi kjenner det i det gode gamle livet vi har i Stavanger...! :-)

For eit par dagar sidan drog vi på dagstur til Montezuma, ein liten stad ca 40 min frå Santa Teresa. For dei som har reist litt, minnar plassen om Zipolite i Mexico og Nimbin i Australia,- altså litt hippie og fargerikt. Vi gjorde litt shopping der og koste oss på stranda. Veit ikkje om det er eg som har blitt snobbete eller om eg berre har blitt voksen eller om eg berre har sett det nok, for eg lar meg ikkje sjarmere så masse av desse hippie-byane lenger. Veldig mange av menneskene vi såg der var slitne og det verka som dei berre hadde endt opp der... Kjenner eg har lyst til å riste dei og be dei få ut fingeren, liksom! ...hm, veit ikkje om det er good or bad utvikling av meg sjølv!

Her om dagen var vi på familiedag på ein strandrestaurant i nærheten. Utrulig kul plass! Spilte roleg chill-house frå store høgtalarar, det var hengt ut mange hengekøyer og det var tilrettelagt for barn med div leiker o.l. Perfekt plass å tilbringe søndagen. Her såg vi også skilpaddehol i sanden, ein hval bruste i horisonten og Alva fant eit kult gult tusenbein som ho leika masse med og ho var utrøsteleg då dette dyret plutselig forsvant! :-)  

I går arrangerte Selma og Gabri (eigarane av herlege www.costaricagriss.com) barbeque for alle gjestane sine, så vi var vel ca 15 stk som satt oppe og kosa oss heilt til kl 23! Som eg kanskje har skreve før, har vi tilegna oss rytmen til eit ekte A-menneske! Vi kan kanskje telle på ein hand dei kveldane vi har vore oppe lenger enn til kl 22, og dagen startar som regel i 07-tida. Så i går slo vi verkeleg på stortromma! :-)

I morgon skal vi ta ungane med på ridetur på stranda, så trur ikkje vi rekk så mange fleire aktivitetar den dagen,- bortsett frå at eg må jobbe meir med brunfargen og Zano må surfe litt fleire bølger. Phu,- travelt liv! Hehehehe....

Eg veit ikkje om eg kjem til å legge inn fleire innlegg i reisebloggen for denne gang,- to be continued for neste reise! :-) Vi har allerede snakka om kor den skal gå, og vi ønsker at den skal finne stad allerede neste sommar. Kanskje Tahiti, Barbados eller Fiji? Zano vil jo at vi skal reise tilbake hit neste år også, men eg synes det hadde vore kjekt å utforske eit nytt land. Føler vi kjenner Costa Rica veldig godt no! Uansett destinasjon; eg elskar å ha ei slik reise å sjå fram til.

Eg vil berre takke dei som har fulgt med på bloggen for denne gang! Det er faktisk nesten 700 sidevisningar frå bloggen, og det synes eg er utrulig kjekt! Håpar dåke har likt bildene, og at bloggen kan vere til inspirasjon for andre til å dra på slike reiser! :-)




Alva elskar hvalpen til Selma og Gabri, Gina. 
Søndags-chill på ein superkul restaurant på stranda.
Spilte roleg house frå enorme høgtalarar på stranda og
serverte nydeleg mat. Perfekt plass. 
Dagens fangst: Eit gult og ullent tusenbein!
Skjønnasane våre!!
Eg go Alva i ein av dei fine kulpane som viser seg ved lavvann.
Då kan vi bade i små, oppvarma basseng på stranda. 
Leona i ny surfebikini, made in Costa Rica! :-)
Bassenget på Griss. Her har vi tilbrunge mange timar...! :-)
Leona midt i eit hopp ut i kulpen.
Mmmm, kokosnøttmelk!

Mmmm, godt med ananas-smoothie på stranda!
Verdens finaste strand?
Tøffe Alva på canopy-tur i jungelen!
Min flinke og fine surfemann!
Ripping Santa Teresa!

2 kommentarer:

  1. Hallo,,
    Ja, det var vel den siste gangen du/dere skriver på denne reisen i år(2012)?
    Det var bra denne gangen også, god fortalt og med fine bilder.
    Håper dere tar Tahiti og de andre landene til neste år,, det blir mer spendene for oss.. heheh
    Hils

    Hilsen Andre' m/familien :-D

    SvarSlett
  2. Hehehe, ok, av hensyn til dåke går turen til eit anna land! :-)

    SvarSlett