tirsdag 17. juli 2012

Å ta ting for gitt...

...er lett når ein har det godt! No har vi vore på tur i nesten ein månad, og det er veldig lett å gløyme kor fint og behageleg det er her; sola som møter oss kvar morgon, grashoppene sin sang på kvelden, bølgesuset som kontinuerleg litt i bakgrunnen, den nydelege maten på div restaurantar kvar dag, andre som vaskar hus og kle for oss, gledeshyl frå jentene i bølgene, halvåpen agenda kvar dag og så videre.... Når vi er så lenge på tur, blir dette etterkvart del av kvardagen. Eg jobbar med meg sjølv ifht å verkeleg sette pris på det, og ikkje bli irritert over sanden som klistrar seg overalt, solkremsmøringsmaraton, svetten som ligg som ei fuktig hinne på huda og spørsmål frå jentene om den fjerde bassengturen for dagen...! 

For å hugse på kor godt vi har det, er det også nok å berre ta ein titt på desse fine bildene under! ....eller ta ein titt på www.yr.no. :-)  














2 kommentarer:

  1. Ja,,, med så mange fine opplevelser på minne,,, da skal det være vanskelig og ta seg en ferie som overgår denne,,,,,
    enda masse bra bilder,,,, hils alle

    mvh
    Andre' og fam. :-D

    SvarSlett
  2. Takk for det, Andre! Håper alt er bra med dere!

    SvarSlett